GALLERI OSKELADDEN inneheld mange foto som har eit anna uttrykk enn det reint fotografiske eller dokumentariske. Her finn du i staden mange fotografi som er gitt eit slags grafisk preg. Enkelte foto er justert mykje i det opprinnelege fotografiske uttrykket, nokre foto er også samansett av to eller fleire bilder for å skapa ein historie som gir ei anna oppleving.
Alle bilder er justert i bildebehandlingsprogrammet Photoshop. Lys, kontraster, farge og overganger er dei mest brukte justeringane. Fleire av bilda er og tatt med mobiltelefon. Gjennom å kombinere fleire ulike teknikkar kan ein likevel skapa eit eige og heilhetleg uttrykk - uavhengig av kvalitet på kamera. Det handlar om å sjå nye fotomulegheiter. Gå på oppdagingsferd og sjå omgivelsane på ein ny måte:
Skapa ein illusjon, eit bilde…
H e l s i n g K a r s t e i n V a b ø